Morfar sine gamle vakre undertrøyer treng bøting, lapping, tetting. Dei er så utruleg fine, med små blondekantar, armane rekk ikkje lenger enn til albogane, for dei skulle ikkje vise under skjorta. I halsen er kragen senka kvadratisk, slik at han skal kunne kneppe opp skjorta utan at ulltrøya synest. Eg har brukt og brukar desse trøyene, til kvardags og pynt, dei gir meg ei sterk og god kjensle av å høyre til. I tillegg er det ein hyllest til finaste morfaren.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar