tirsdag 20. mars 2012

Sitjeunderlag av målar

Det er så ubeskriveleg kjekt å få brukt opp restar ein har liggjande, særskilt viss stoffet primært egna seg til ein ting og lite anna. I dette tilfellet hadde eg ein knert ullfilt, ein knert voksduk og ein knert blomstrete flokserest. Ingen av knertane gjorde nytte kvar for seg. Eg bestemte at dette skulle verte eit litt utvida, men varmt og godt sitjeunderlag for eit barn eller to. Det smarte med voks i så måte er sjølvsagt at ein ikkje vert våt. Pønten er knappar som blinkar litt i blomstane, og ein liten sløyfetag på sida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...