søndag 18. mars 2012

Treng samfunnet såpeseriar?

I El Salvador i 2004 var eg så heldig å få intervjue leiaren for landet sitt journalistlag. Han let seg intervjue i ein garasje under tv-huset til Kanal 12. Det utprega interessante var at han og kollegene var trua frå høgresida sitt parti Arena, med Tony Saca i spissen. Den meksikanske eigaren av kanalen trua med å stenge kanalen om dei ikkje slutta å sende opplysande debattprogram og byrja sende meir såpeseriar. Når norske såpebaronar byrjar å kjempe for meir aksept for såpe, utan å ha lest medievitskapeleg forsking kring emnet, då kjem frysningane på ryggen. Eit hovudkriterium for å utvikle avhengigheit er låg utdanning. Å verte avhengig av andre si misere eller kulisserot fordrar låg allmenndannelse, og dermed ei folkeligheit som gir rom for vulgær og forenklande rasjonalitet. Det gagnar ikkje konstruktiv utvikling av moderne samfunn, det undergrev edru tankar. Det får augene mine til å skine av glede at det framleis går an å opplyse folk om slikt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...