Hobbyen interiør er ikkje kvinneundertrykkande, som mange vil ha det til, det er faktisk ikkje praktisk mogleg. Å interessere seg for, og finne energi i det vakre ein omgir seg med, er ei urgamal tilnærming til det å leve, finne seg til rette og skape ei stemning, og det nærvær den enkelte treng. Dersom ein kjenner til, om så berre ørlitegrann kunsthistorie, kan ein kjapt ressonere seg fram til at behovet for utsmykning er djupt menneskeleg. Så er det nokre som kritiserar at det no er ein påtrengande trend, at alle no skal "kunne" noko om interiør, men nei, nei, nei, stopp ein halv. Det ein i så fall seier; er at det også er mannsundertrykkande at fotball er så dominerande i mediebilete? Valfridom og evne til overlevelse er også djupt menneskelege kapasitetar. Jakta på å definere det eventuelt "undertrykkande" i samfunnet vårt, er etter mitt skjønn eit langt meir alvorleg symptom i samfunnet vårt. Trur vi at omgjevnaden er skuld i alt som svekkar vårt psykiske og fysiske immunforsvar? Hallo i luken, allergiane og sjukdomane våre, eller meir konkret; opplevinga til mange kvinner av at det er behov for å flagge kvinnestanden si kjensle av å vere undertrykte, avslører vel meir kor opptekne enkelte er inne i sin eigen psykologi, av å få omverda si bekrefting og anerkjennelse, samt å legge skulda for eiga mindreverdskjensle, på andre, noko som antakeleg gir ei individuell diagnose, framfor ei samfunnsdiagnose. Konspirasjonsteoriar mot kvinnelege interiørbloggarar og andre kvinner som finn glede og energi i interiør og kunnskap om emnet, gjer at eg får lyst til å seie, at kanskje mange anklagande medsøstre manglar ein hobby som gjer dei psykisk sterke.
Dersom ein vidare kjennar ørlitegrann til antropologi og kanskje litt samfunnsgeografi, så kan ein også ressonere seg fram til at kvar ein plasserar fokuset på utsmykning i eit samfunn er delvis gitt av klima, ja praktisk tala temperatur. I Tromsø til dømes, er dei fleste private hagar dritstygge, sjølvsagt, for nesten ingen planter overlever vinteren der. Ikkje eingong interiøret i husa til folk i Tromsø er utprega vakkert, noko eg har fått forklart kan tilskrivast mørketida, ein går på ein kafe, eit kulturelt arrangement, fordi ein ikkje vil sitje heime aleine, og sjå ut av stovevindauga og betrakte mørket. I middelhavsland og midtøstenregionen er ofte hagar og offentlege rom utprega forseggjorte, og utsmykka, fordi det er varmt og lyst ute, ein vil ikkje sitje heime ein må ut og få luft, ilag med andre som treng litt sval bris i fleisen. I Afrika pyntar ein jordhytter, religiøse møtestadar, parkar og opne plassar, der det er naturleg, grunna klima og kultur å tilbringe tid. I Noreg, her er det som kjent relativt kaldt og verhardt, heile året, det er ikkje noko nytt at nordmenn og skandinavar pyntar heimane sine, og finn energi i slikt. Det er ein grunn til at IKEA vart starta i Skandinavia, og eg reknar med at poenget mitt etterkvart trer tydleg fram. Appellen er enkel, ikkje sei at kvinner vert tvinga til å ha eit gamaldags kvinneundertrykkande forhold til interiør, folk veljer sine hobbyar sjølv, ta tilbake kontroll over eige liv og dropp offerrolla. Nærværsarbeid med deg sjølv, handlar om å kose seg med det kvardagslege, finne lukke i det nære. La den som finn lukke i interiørfå ha den gleda i fred, utan å kalle det ei belastning påtvunge frå "samfunnet", for sorry, sånn er det ikkje.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar