onsdag 18. april 2012
Snart kastetid for fyrste lorveteppet
Når resirkuleringa har dansa sin siste dans, er det lov å vurdere endestasjon. Innerst ei gamal favoritt-truse, mamma si grøne favoritt-trøye, ei kjær Devoldtrøye, ei Benettonjakke med perleknappar, som visna, eller hovna opp på eit vis, ei dongeribukse med ballongføter, nokre julehanddukar som ikkje tok seg ut i dagslys, tante Asbjørg si gamle adidas joggebukse frå 1972, i det heile teke, eit velbrukt arsenal, som snart skal få kvile. Det må berre ver kjøkenteppe eit liiite bel til, slik eit nytt av gamle restar kan kome til unsetnad.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Heia,
SvarSletteg lurte på korsn du lage detta smarte og koselige teppe?
Lone
Heia Lone :) så kjekt at du spør! Eg starte opp med fire luftmaskar, hekte til sirkel og bygge deretter vidare med fastmaskar. Eg aukar annakvar rad, og på aukeradene legg eg på to i annakvar maske. Dersom teppet som heilheit buar mot vranga er det på tide og auke, dersom det boklar seg i bølgjer aukar du for mykje. Klipp opp stoffa du vil hekle ihop, slik at bredda er omlag 1,5 cm, eg brukar storleik 15 på kroken, men 12 også funkar. Lukke til :)
Slett