tirsdag 15. mai 2012

Arbeid framfor pc

Når ein sit med andletet framfor ein datamaskin 7,5 timar, 5 dagar i veka, omlag 47 veker i året, så innser også eg, at det er naudsynt å vaske huda, særskilt i andletet, grundig.

Kvar gong eg skal byrje eit vaskeprogram for andletet, er eg trufast mot opplegget, i omlag tre dagar. Dette fordi eg syns det er litt kjedeleg med dyre kremar, og dill og dall.

I ein alder av 35år merkar eg likevel, at den mjuke glade, lettstelte huda mi, ikkje er så mjuk og glad, som den var før. I tillegg har eg byrja få ei kjensle av at støv frå datamaskina og eksos frå veien eg går til og frå jobb, liksom festar seg i huda.

For å fikse problemstillinga, valde eg å forklare situasjonen på eit parfymeri og ba om litt hjelp. Eg presiserte at slikt kjedar meg, så opplegget MÅ vere enkelt, eg forklarte også at eg har utprega tørr og mjuk hud, aldri hatt kviser, eller andre plager, med huda.

Løysninga vart skjønn; mildaste hudvasken, feitaste andletskremen, samt ein mild skrubb. Hittil har eg klart å vere trufast imot programmet. Etter vaskinga, og skrubben, som gir ei oppleving av total reinheit, smører eg den fyldige kremen, så kjenner eg meg som eit nytt menneske. Denne gongen skal eg klare å oppretthalde fokus.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...