torsdag 10. mai 2012
Impuls
Medan eg gjekk på psykologien hadde eg enkel tilgang på tidsskrift for psykologi. I ettertid har eg mange gongar lurt på om det går an å abonnere på bladet. Så kom eg over eit gamalt nummer og ringte til ein resepsjon eller sekretariat som stod oppgitt. Dette er no cirka eit halvt år sidan. Ho kunne meddele at dei har ikkje nettside og anonnement må skje som no, ved innringing til den stasjonære telefonen på kontor V1U - 20, Harald Schjeldrups Hus, Blindern. Idag, eit halvt år etter mottok eg vakraste nummer 3, frå 2011, årgang 64. Tenk om alt i livet var akkurat så analogt, som tidsskriftet til psykologisk institutt, ja, nei, då hadde verda vore ein fredeleg plett, kanskje
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar