torsdag 17. mai 2012

Nasjonal identitet - eller det å verte kjent med seg sjølv, som vaksen

Kva er det eigentleg å vere vaksen? Det tenkjer eg ofte på. Blant dei vaksne eg kjenner, ser eg eit stort mangfald. Mange praktiserande vaksne, stiller både eg og mange andre spørsmålsteikn ved, for praktiserar alle vaksendom, eller vaksenskap? Eller for å belyse det frå ein annan vinkel, fins det ein mal for vaksen atferd, er det lov til å stille spørsmålsteikn ved måten andre menneskje er vaksne på? Risikoen er sjølvsagt at ein kastar stein i glashus, eller ser ikkje bjelken hjå seg sjølv, berre flisa i andre sitt.

Personleg identitet, og nasjonal identitet, forheld seg oftast til sosiale normer, og kultur, familiekultur, vennekultur, jobbkultur. Korleis utviklar vi identitet, når utviklar vi kultur, og kan vi ta imot endringar i vårt eige syn på kultur?

Det å bryte sosiale normer og bygge nye, er krevjande, av både personlege og praktiske grunnar. Det tek tid å verte forstått, for identitet ligg gjerne djupt, som taus kunnskap. Det å ta seg tid til å gjere stas på kvarandre, kan nokre opplevande truande, det å ta seg tid til å sosialisere på uvante premissar er kompetanse, som kanskje fordrar at ein har vore gjest i andre kulturar, vorte konfrontert med effekten av seg sjølv, gjennom mange år.

Det kan hende synet på variasjon, primært veks fram, gjennom nettopp å oppleve og oppsøke variasjon. For å trivst, og finne ro kring sin identitet vurderar eg nokre gongar at ein bør omgås dei som opptrer nær eigen atferd.

Ei anna vinkling som er interessant på ein dag der ein vil samlast om identiteten, er dette med korleis verte kjent med seg sjølv. For kven er vi? Er vi det vi har blitt gjennom oppdraging, eller er vi noko meir bak det tillærte? Er vi også noko vi ikkje kjenner så godt, men som vi kan finne i oss, noko som er meir intuitivt enn det oppdraginga gav oss? Ein ting er at psykologien hevdar det, at personlegdomen fins i oss, men psykologien seier ofte lite folkeleg, og forståeleg om korleis vi kan finne og lære oss å leve med vegen inn til det som kanskje er meir ekte i oss.

Nokre ser ut til å tru at livet primært skal by på motstand, der ein stendig må kjempe. Medan andre ser ut til å tru ar livet eine og aleine handlar om den enklaste vegen. Atter andre der igjen hevdar at livet handlar om balansen mellom det krevjande og det lette.

Eg er norsk, men etter å ha tilbrakt mykje tid i livet mitt i Ecuador og El Salvador særskilt, ser eg at det "utenlandske", ikkje berre er ein del av meg. Det å ha anstrengt meg for å møte det som ikkje er norsk, skandinavisk, eller europeisk, medfører også ei kompetanse, kompetanse om openheit for det å gjer noko på annleis måte, i praksis.

Eg har verken rett, eller innerst inne lyst til å kritisere nokon for praktisert identitet, eller vaksendom, men eg skulle ynskje, mange gongar, at samfunnet vårt, hadde plass til å stille spørsmålsteikn ved, samt vilje til, å endre atferden sin, og ta imot innspel, direkte og konkret.

Eg trur ikkje at den norske identiteten er så ferdig definert, eg trur at personleg og kulturell identitet, alltid er, og med fordel kan vere i konstant utfordring og endring.

God nasjonaldag uferdige medmenneskje!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...