Ja, eg har det godt. Kjenner meg sjølv betre, er på mange vis tryggare. Det er få som kjenner meg, for den leikande, avslappa delen av meg, der eg verken underheld, argumenterande eller prøvar å bevise på andre måtar. Den delen av meg som eg ynskjer hjelp til å utvikle, der eg tør å gå i dialog om kva eg kan og vil utvikle. Den delen treng tryggleik og omsorg, utan opportunistiske, eller konkuranseprega element. Folk som kjem for å hente, finne, og samanlikne har med seg feil kontrakt, den kan eg ikkje signere. Susan Cain seier det så fint; det er krevjande å vere innadvendt i eit utadvendt marked. Eg er ikkje så god på å virke utadvendt. Det vert fort brått, og litt krasst, med uventa temaskifte. Eg treng at du må vere oppriktig interessert i meg, for min sin del, ville meg godt, eg må tru på deg, respektere deg, oppleve at du vil. Når eg seier du, så snakkar eg ikkje til nokon bestemt, eg snakkar til deg, medmenneske. Det er sjølvsagt i kjærleiksrelasjonen til ein mann eg kan danne familie med, at desse momenta utmerkar seg som mest sentrale, men eg ser problemstillingane i alt mellommenneskeleg. Eg er lukkeleg, og eg vil vere lukkeleg ilag med deg medmenneske. La oss involvere oss i kvarandre sine liv, lage plass til kvarandre, og meine det. Robert Post seier noko sånt som: viss du skal drive med kjærleik, gjer det skikkeleg eller la det vere. Eg meinar ikkje at ein skal la vere for godt, men ikkje starte eller stå i noko som ikkje er skikkeleg. Eg vil meine det. Eg er lukkeleg, eg trur at menn er like gode som mødre til å oppdra born. Eg trur kvinner øydelegg like mange forhold som menn. Eg trur at born har vondt av at foreldre ikkje går til psykolog, eller på anna vis får hjelp til å arbeide med sinnet sitt. Eg trur at dominerande born manglar gode forklaringar på kvifor ein må ha grenser. Eg er lukkeleg og oppteken av mindfullness, nærvær, vedlikehald, og kultur. Det aller mest konstruktive ved å erkjenne at eg er lukkeleg, er faktisk at eg landar, eg er der eg vil vere, samstundes med at eg går framover, oppover og bortover. Det er noko nært og gir ei kjensle av å vere tilstades, det å erkjenne lukke. Det er meir meiningsfylt når eg innser at eg er nøgd, og set pris på dei som vil vere tilstades ilag med. Eg er lukkeleg, og ynskjer å praktisere lukke, og det er godt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar