søndag 17. juni 2012

Ekte skapt?

Det ekte skapte, kva er eigentleg det? Det som er ekte, vert ikkje skapt, det er, det er nett slikt faktum som gjer det ekte. Å skape noko som er, handlar kanskje nett om å la det vere, la det kome, det som er, la det sleppe til. Kanskje det er løyndomen, kanskje det er hinderet, at ein ikkje skal anstrenge seg for endring, men sleppe til nærværet av det som er, slik at det lagar seg sjølv. Kanskje det var intensjonen. Når ein vidare ser på andre språk, er ordvalet matrimonium, av latin, mater tyder mor, og monium tyder tilstand, i prinsipp tyder dermed begrepet nytta om det ekte skapte, morstilstand, i kontrast til farstilstand. Dette har ein i skandinaviske språk omsett til Ekteskap.  Ein relevant digresjon i feministisk perspektiv, kan vere å spørje seg kvifor vi er kritiske til mannsrolla, dersom pakta mellom mann og kvinne skal vere einslags ekte skapt morstilstand. Snakkar vi då om at ein ved inngåelse av pakta, lovar å gå i fosterstilling, ilag? Eller inn i ein tilstand der eine parten skal, eller bør opptre som mor for den andre? Hadde ein i motsetnad kalla det patrimonium, hadde vi så fall hatt meir belegg for å påstå at relasjonen er dominert av mannen, eller? Det tilsynelatande symbiotiske ein legg opp til i relasjonen mellom to, mann og kvinne, ved å kalle det ein "ekte skapt" "morstilstand", bidreg det til at ein gjer seg sjølv og omverda ei enkel bjørneteneste, og mistar fokuset frå kva ein skal skape, eller vere som vaksne? Opnar ein for at kvinna har fyrsterett til å kritisere og skape kva relasjonen skal bestå av? Og er den paradoksale kvinneatferden og kvinnehumoren knytta til at kvinna har alltid rett, i heimen, eigentleg med på å bygge konstruktivt grunnlag for eventuell likestilling i vår tid? For kva er eigentleg morstilstand, og kva er eigentleg ekte skapt?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...