tirsdag 5. juni 2012

Om å ta seg saman

Kva vil det eigentleg seie å ta seg saman? Vi er alle på jorda for å leve, i den store samanhengen er livet så uendeleg kort. Vi vil så gjerne ha gjort, og gjere så godt vi kan. Likevel er det ofte ikkje godt nok ifølgje omgivnaden. Forventningar er i mange situasjonar vår tids Amen. Når alt er sagt og gjort, så må vi i tilegg og til slutt ikkje gløyme kva som er forventa. Mange av oss gløymer forventningane innimellom, men då får vi raskt tilbakemelding om normen på vår felles plattform, markedet, eller samfunnet. Samhandling er ein skjør mekanisme, med mange moglege misforståingar. Den gode intensjonen kan så ofte vere kjerna til smerten. Ein vil bevare, beskytte, begrave, ta vare på, ta hand om, ta seg saman. Spelereglane er ikkje nedskrevne, berre gjeldande. Ein har ikkje råd til, ikkje rom for, ikkje tid til å prøve seg fram. Nokre går langt framme i tunellen, nokre går langt inne i tunellen, nokre har sett lyset, nokre tåler ikkje smerten det kostar, nokre forstår ikkje kva som er smerten og kva som er lindringa. Vi har så ulike forventningar, vi har så mykje usnakka. Ein sa det til meg; jammen du kan ikkje forvente at ein skal kunne snakke om alt. Nei, på ingen måte, men kan vi semjast om kva som er viktig å snakke om? Ein annan sa; alle burde skreve dagbok, ja, kanskje. Kultur for samtale og emne som egnar seg må byggast. Det er ikkje dermed sagt at det er enkelt. Det lønner seg å gråte, utan å skamme seg, det lønner seg å tåle vekst, gjennom erkjennelse. Det lønner seg å kommunisere, men ikkje invadere. En tredje sa; eg er så lei av å forstå, kan ikkje du berre fikse det sjølv. Eg spurte; er eg her til observasjon, til utredning? Skal eg halde meg for god til å ta opp eit tema? Skal du definere kva som er tabu? Eg er så lei av å høyre om relasjonar der ein part er ulukkeleg, eg vil berre vere med å skape det gode livet ilag med deg, men eg kan ikkje ta meg saman heile tida, du må ta meg imot slik eg er. Så skal eg be om unnskyldning viss eg eller du oppdagar at eg kryssa ei grense som gjorde vondt. Eg kan love at eg vil vere ein nær ven, ei trygg havn. Det inneber også at eg vil utfordre deg, kreve noko av deg. Observer meg gjerne, men eg må veljast, som medmenneske, som kjærast, som ven. Ein sentral dynamikk, som eg har sett og erfart, at mykje i livet fungerar slik som nærleik, og kjærleik, det mest smertefulle er å ikkje få gi, for då oppstår det tomromet, som gjer at du vert trengande, ingen ynskjer det tomromet. Dialogen er vegen til fred og balanse. Eg kan ikkje ta meg saman, men eg kan gi og ta imot.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...