søndag 22. juli 2012
torsdag 19. juli 2012
onsdag 18. juli 2012
tirsdag 17. juli 2012
torsdag 5. juli 2012
tirsdag 3. juli 2012
Å vere for elska, eller i kjærleik
Kva handlar det eigentleg om, å vere for elska? Ja, og kan ein vere for elska? Kan det verte nok elsk? Kva vil det seie å vere på engelsk in love? Handlar det om noko du er, noko du tilfører, noko du er med på å skape, noko du håpar på, eller handlar det meir om noko du er omslutta av? Forestill deg at det er noko du er omslutta av, som om du låg i ein kokong av silke, og ull. Då ville det kanskje vere naturleg å tenkje at du var i kjærleik, eller for elska, iallefall elska, mest av alt mjuk og varm.
Handlar det i så måte om å allereie vere der inne, dit du lengtar etter å kome? Kanskje er det fordi at du lengtar til ein stad du allereie er, eller var, eit mentalt reir, der du vert teken vare på, der du sjølv faktisk har forstått kva du treng? Kanskje handlar det om å ta imot, ein energi som allereie strøymer mot deg, og inne i deg, dersom du let det skje, då er du kanskje i kjærleik. Er det slik at når du er for elska, då er det for mykje elsk? Eller er det slik at når du er for elska, då går det etterkvart over til å verte det harmoniske blikket, kvilande men samstundes oppvakte blikket, som viser at du er elska, som viser at du trur på det sjølv, at du er god nok, er det slik ein har det når ein er i kjærleik, eller kjærleika?
Eller handlar det om kjær leik, minner frå ei tid då vi leika meir, då intensjonane var reinare og hjarte opnare? Handlar det i så måte om å allereie vere der inne, dit du lengtar etter å kome? Kanskje er det fordi at du lengtar til ein stad du allereie er, eller var, eit mentalt reir, der du vert teken vare på, der du sjølv faktisk har forstått kva du treng? Kanskje handlar det om å ta imot, ein energi som allereie strøymer mot deg, og inne i deg, dersom du let det skje, då er du kanskje i kjærleik. Er det slik at når du er for elska, då er det for mykje elsk? Eller er det slik at når du er for elska, då går det etterkvart over til å verte det harmoniske blikket, kvilande men samstundes oppvakte blikket, som viser at du er elska, som viser at du trur på det sjølv, at du er god nok, er det slik ein har det når ein er i kjærleik, eller kjærleika?
Å kjenne seg vaska av eit anna menneskje, kjenne seg nærare pulsen, kjenne seg rensa av blikket, vaknare, klarare, det har noko betryggande over seg. Det minner om kokongen, om kjerna. Det minner om nær leik, det er kanskje slik det vert kjær leik
Abonner på:
Innlegg (Atom)