Vingane er laga av nokre pulsvarmarar, som vart øydelagde i vask, uglemagen skal bestå av litt trådrestar og anna gamal moro. Augene skal vere trivlege, men uglete, eit slags oppvakt blikk. Kanskje øyrene kan vere dei grøne skinnrestane.
Grøne Herr Ugle er iferd med å ta form, og må mildt sagt seiast å vere ei vidunderleg resteugle. I magen har Lyze of Kiel, sjefsuglingen, sagt at det er viktig å ha den rette kjensla, så vår nye venn har derfor fått ei mengde brune bønner i front, som kan rasle fram den gode magekjensla.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar