Eit utruleg interessant ord. For det fyrste er fenomenet rytme i livet noko kvart menneskje har, for det andre er all sameksistens med på å påverke andre sin rytme i livet, og for det tredje, så er vala vi tek i livet forma av om vi likar, og taklar andre sin rytme i livet. Så korleis vert rytmen vår til, og korleis kan vi lære oss å tåle taktskifte, eller skal vi primært akseptere utakt der den er, og nøye velje kven vi spelar ilag med? Det fascinerande, verkeleg fascinerande, er at venar og venninner sine valg av partner, kan tvinge seg til å påverke korleis det sosiale livet til mange menneskje fungerar. Nokre får alltid vere ilag, fordi dei alltid drikk øl og smiler fredeleg, nokre får alltid vere ilag, fordi dei seier lite, kjem alltid, og går tidleg. Korleis folk lever livet sitt, korleis ein innad i parforholdet meistrar synet partneren har på livsrytme, kan få betydeleg betydning for aggresiviteten sin plass i eit menneskje sitt liv. Eit par kan ha eit barn, og få eit barn til, kanskje dei ikkje hadde barn, mannen er kanskje rik, kanskje flink til å danse også, det er ikkje sikkert paret fungerar så godt sosialt, kanskje mannen ikkje er så godt likt, kanskje mange ungår å invitere dei lenger, for det paret passar ikkje inn i dei naturlege samtalane. Alt vert så tilgjort med dei. Kanskje dei byr på seg sjølv, men der ligg noko merkeleg aggressivt under overflata. Dei smiler for mykje. Dei har for få venar, eller altfor mange. Det er så tydeleg at noko sentralt er usnakka, manglar formulering. Kva er eigentleg livsrytme. Eingong spurte eg dei; Dykk snakkar med andre også om slikt sant? Nei, svarte han stille, andletet var sjeldant avslappa, ein kunne sjå det vaksne og tiltalande ved mannen. Han måtte vedgå at det han oppfatta som det viktigste i livet, det som verkeleg betyr noko, det snakka paret berre om når eg var på besøk.
Eg sat att med ei kjensle av at eg var ein hemmeleg agent, på oppdrag frå ein framand planet. Det å ha gått til psykolog er periodevis ei belastning, for det medfører ofte at ein reflekterar over saker som dei færraste tek seg tid til. Kjensla er ikkje at ein står utanfor, kjensla er at så utruleg få står innanfor.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar