fredag 4. mai 2012

Loppislivet

Eg likar å leite etter løysningar, og stortrivs ilag med andre løysningsorienterte. På loppis er det stort sett alltid lett å finne ro, mellom anna fordi folk på loppis likar å ta vare på det gamle, utan å forakte det nye, noko som etter mitt skjønn utgjer nærvær. Det er høgt nærvær på loppemarknad. I år har eg ikkje vore på så mange, men den eine i Eiksund, vart ei god oppleving på fleire vis. Eg fann ei bok, som eg forøvrig aldri hadde høyrt om, men som er grensesprengande på ein varsom måte. Boka heiter; Når livet røyner på - livskriser og meistring. Den er skreven av Bjarte Stubhaug, og utgjeven på Samlaget. Eg måtte betale 25 kroner for livsvisdomen mellom permane. Og det heile får meg til å tenkje, at samfunnet vårt tenkjer smått, om så mykje, synsvinkelen avheng ofte av kvar kamera står, og verkeleg lukke er noko mange ungår, i mangel på resurssar til å tåle sunt nærvær. Boka er god, og eg vil vise eit ørlite utsnitt;

"Mange gjer seg sjølve meir sårbare enn dei treng, fordi dei ikkje klarer å ta imot omsorg og hjelp frå andre. Er så redde for å kome i gjeld til andre. Det er ein måte å vere gjerrig på, som ikkje styrkjer, men tærer. Det å vere raus er også å la andre vere rause mot seg, la andre hjelpe. Og den dagen det røyner på for alvor, treng ein det."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...