fredag 4. mai 2012

Sofadag med gladpost

Har du også hatt det slik at du vakna om morgonen og håpa at det skulle feile deg noko, slik at du kunne vore heime og småkose deg? Vel, onsdag vakna eg og mistenkte at det feila meg noko, for dagen før var eg i eit selskap der vertskapet måtte spy. Men nessda eg måtte i eit viktig møte, og litt kvalme er ikkje grunn til å legge seg til heime. Torsdagen derimot var noko gale, det var merkbart då. Så etter tilsnakk frå sjefen på sms, der det stod at eg fekk halde meg heime, så gjekk eg av bussen, gjekk over vegen, og tok bussen heimatt. Det som streifa meg midt oppi alt, er at det ikkje er særleg småkoseleg å vere urven og pjusk. Ein kjem ikkje eingong på at ein kan setje på klesvask. Koseleg vert det derimot når ein hugsar å hente posten, og finn rom123, og hugsar å lage kaffe og kan slække på sofaen, medan feberen forsvinn litt. Då innser ein at ein må vere ganske frisk for å kose seg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...