lørdag 31. mars 2012
Carlos Dada
Ein journalist i ElSalvador, Carlos Dada er portrettert i siste nummer av Monocle, side 108-109, vel verdt å få med seg
Untouchable
Rødstøl sin installasjon på Kube no er krevjande og fascinerande, den leikar med ein illusjon; kvar startar og sluttar ei trapp
fredag 30. mars 2012
Bestikkpenal til bestebestikket
Kan stolt presentere eit fint ferdig penal til bestebestikket! Tilfanget består av; restane etter Nils si fine brune fløyelsbukse, som eg arva for mange år sidan, og foreldra mine sitt gamle sengetrekk.
Englemark
Dette svenske merket har eg stor sans for. Dei sel til dømes ei lang rekke sunne frø og bønner, samt havremelk og liknande produkt. I tillegg held merket seg innanfor fornuftige prisgrenser, i motsetnad til andre sunne merkevarer som har skyhøge prisar. Englemark kan vi støtte
torsdag 29. mars 2012
Monocle
Dette magasinet har gleda oss i 5 herlege år. Det skal verte storvegs å finne butikken deira i London.
mandag 26. mars 2012
Mandagskvelden
Av og til kan ein vanleg mandag kjennes som julafta, stemninga vert lun, musikkvalet klaffar og slipsproduksjonen går litt fortare enn igår. Plata heiter Sakte sanger.
Heimelaga knekkis
Denne oppskrifta er god:
3dl lunka vatn
1dl rapsolje
1ts havsalt
2-4ss provence krydder
5-6 soltørka tomatar, hakka
ca.2dl av div frø: linfrø, solsikkefrø, sesamfrø, gresskarkjerner o.l
ca.3,5dl flak av hirse, ris, soya, quinoa, bokkveite og/eller spelt
Til slutt brukar du litt sammalt spelt for å binde røra ved behov. La gjerne røra stå og svelle litt.
Røra skal smørast utover bakepapir på ei plate. Lag deretter rutemønster slik du vil ha knekkebrøda. Ca12-16 bitar er vanleg med denne røra.
Steik dei midt i omnen, på 200grader i ca 20min. Må stå og tørke for å verte sprø.
Himla godt til suppe og aleine.
Påleggforslag: linsepostei, avokado, hummus, brunost, kremost.
3dl lunka vatn
1dl rapsolje
1ts havsalt
2-4ss provence krydder
5-6 soltørka tomatar, hakka
ca.2dl av div frø: linfrø, solsikkefrø, sesamfrø, gresskarkjerner o.l
ca.3,5dl flak av hirse, ris, soya, quinoa, bokkveite og/eller spelt
Til slutt brukar du litt sammalt spelt for å binde røra ved behov. La gjerne røra stå og svelle litt.
Røra skal smørast utover bakepapir på ei plate. Lag deretter rutemønster slik du vil ha knekkebrøda. Ca12-16 bitar er vanleg med denne røra.
Steik dei midt i omnen, på 200grader i ca 20min. Må stå og tørke for å verte sprø.
Himla godt til suppe og aleine.
Påleggforslag: linsepostei, avokado, hummus, brunost, kremost.
søndag 25. mars 2012
lørdag 24. mars 2012
Ranunkel
Det er helg, kommoden i gangen flyt litt over av styr, men med ein herleg frisk og frimodig bukett ranunkel på plass så gjer det ikkje noko
fredag 23. mars 2012
Ålesund fengsel
Må innrømme at eg er så begeistra for, ja, praktisk tala glad i kunsten vestveggen til Ålesund fengsel
Verdas beste mamma og pappa
Fredagsmiddag hos papsen, på gjestelista: mamma og meg. Kveldens oppdrag: spise middag, drikke kaffe og hente billettane til konsert med Solveig Slettahjell.
Idyll i Tromsø
No riv dei idyll i mitt Tromsø, den gamle bensinstasjonen er så vakker at eg nesten raudnar, straks er den vekke
torsdag 22. mars 2012
Eg er glad i deg
Slike ramer skal eg kjøpe fleire av, tenkte faktisk akkurat at eg kunne kjøpe slik "ta tre, betal for to" hjå Åhlens, kanskje kjøpe tolv, betal for åtte faktisk
tirsdag 20. mars 2012
Sitjeunderlag av målar
Det er så ubeskriveleg kjekt å få brukt opp restar ein har liggjande, særskilt viss stoffet primært egna seg til ein ting og lite anna. I dette tilfellet hadde eg ein knert ullfilt, ein knert voksduk og ein knert blomstrete flokserest. Ingen av knertane gjorde nytte kvar for seg. Eg bestemte at dette skulle verte eit litt utvida, men varmt og godt sitjeunderlag for eit barn eller to. Det smarte med voks i så måte er sjølvsagt at ein ikkje vert våt. Pønten er knappar som blinkar litt i blomstane, og ein liten sløyfetag på sida.
Gulldrikken
På Le Palais de Thes sel dei gull og juvelar, som kan drikkast. For ei tid tilbake feira eg 35 års dagen min. Gjett kva eg fekk i gåve med fine venninner; gull. I tillegg har eg fått tak i sånne resirkulerte teposar på Chocolatte, som du fyller med den teen du vil sjølv.
Kipuppløspiritt
Berry Boost kan vere viktig ilag med kaffi og farris! Ja, også aprikosar. Desse koppane frå Green gate er forøvrig veldig vakre.
mandag 19. mars 2012
Abonner på:
Innlegg (Atom)