søndag 29. april 2012
lørdag 28. april 2012
torsdag 26. april 2012
Lengje leve Ranunkel
Dette er nokre av dei vakre knoppane, som endå ikkje hadde sprunge ut når eg no skulle kaste buketten, så då blei det knoppar i noregsglas på badet, godt for auge
Interiørinteresse
Hobbyen interiør er ikkje kvinneundertrykkande, som mange vil ha det til, det er faktisk ikkje praktisk mogleg. Å interessere seg for, og finne energi i det vakre ein omgir seg med, er ei urgamal tilnærming til det å leve, finne seg til rette og skape ei stemning, og det nærvær den enkelte treng. Dersom ein kjenner til, om så berre ørlitegrann kunsthistorie, kan ein kjapt ressonere seg fram til at behovet for utsmykning er djupt menneskeleg. Så er det nokre som kritiserar at det no er ein påtrengande trend, at alle no skal "kunne" noko om interiør, men nei, nei, nei, stopp ein halv. Det ein i så fall seier; er at det også er mannsundertrykkande at fotball er så dominerande i mediebilete? Valfridom og evne til overlevelse er også djupt menneskelege kapasitetar. Jakta på å definere det eventuelt "undertrykkande" i samfunnet vårt, er etter mitt skjønn eit langt meir alvorleg symptom i samfunnet vårt. Trur vi at omgjevnaden er skuld i alt som svekkar vårt psykiske og fysiske immunforsvar? Hallo i luken, allergiane og sjukdomane våre, eller meir konkret; opplevinga til mange kvinner av at det er behov for å flagge kvinnestanden si kjensle av å vere undertrykte, avslører vel meir kor opptekne enkelte er inne i sin eigen psykologi, av å få omverda si bekrefting og anerkjennelse, samt å legge skulda for eiga mindreverdskjensle, på andre, noko som antakeleg gir ei individuell diagnose, framfor ei samfunnsdiagnose. Konspirasjonsteoriar mot kvinnelege interiørbloggarar og andre kvinner som finn glede og energi i interiør og kunnskap om emnet, gjer at eg får lyst til å seie, at kanskje mange anklagande medsøstre manglar ein hobby som gjer dei psykisk sterke.
Dersom ein vidare kjennar ørlitegrann til antropologi og kanskje litt samfunnsgeografi, så kan ein også ressonere seg fram til at kvar ein plasserar fokuset på utsmykning i eit samfunn er delvis gitt av klima, ja praktisk tala temperatur. I Tromsø til dømes, er dei fleste private hagar dritstygge, sjølvsagt, for nesten ingen planter overlever vinteren der. Ikkje eingong interiøret i husa til folk i Tromsø er utprega vakkert, noko eg har fått forklart kan tilskrivast mørketida, ein går på ein kafe, eit kulturelt arrangement, fordi ein ikkje vil sitje heime aleine, og sjå ut av stovevindauga og betrakte mørket. I middelhavsland og midtøstenregionen er ofte hagar og offentlege rom utprega forseggjorte, og utsmykka, fordi det er varmt og lyst ute, ein vil ikkje sitje heime ein må ut og få luft, ilag med andre som treng litt sval bris i fleisen. I Afrika pyntar ein jordhytter, religiøse møtestadar, parkar og opne plassar, der det er naturleg, grunna klima og kultur å tilbringe tid. I Noreg, her er det som kjent relativt kaldt og verhardt, heile året, det er ikkje noko nytt at nordmenn og skandinavar pyntar heimane sine, og finn energi i slikt. Det er ein grunn til at IKEA vart starta i Skandinavia, og eg reknar med at poenget mitt etterkvart trer tydleg fram. Appellen er enkel, ikkje sei at kvinner vert tvinga til å ha eit gamaldags kvinneundertrykkande forhold til interiør, folk veljer sine hobbyar sjølv, ta tilbake kontroll over eige liv og dropp offerrolla. Nærværsarbeid med deg sjølv, handlar om å kose seg med det kvardagslege, finne lukke i det nære. La den som finn lukke i interiørfå ha den gleda i fred, utan å kalle det ei belastning påtvunge frå "samfunnet", for sorry, sånn er det ikkje.
Dersom ein vidare kjennar ørlitegrann til antropologi og kanskje litt samfunnsgeografi, så kan ein også ressonere seg fram til at kvar ein plasserar fokuset på utsmykning i eit samfunn er delvis gitt av klima, ja praktisk tala temperatur. I Tromsø til dømes, er dei fleste private hagar dritstygge, sjølvsagt, for nesten ingen planter overlever vinteren der. Ikkje eingong interiøret i husa til folk i Tromsø er utprega vakkert, noko eg har fått forklart kan tilskrivast mørketida, ein går på ein kafe, eit kulturelt arrangement, fordi ein ikkje vil sitje heime aleine, og sjå ut av stovevindauga og betrakte mørket. I middelhavsland og midtøstenregionen er ofte hagar og offentlege rom utprega forseggjorte, og utsmykka, fordi det er varmt og lyst ute, ein vil ikkje sitje heime ein må ut og få luft, ilag med andre som treng litt sval bris i fleisen. I Afrika pyntar ein jordhytter, religiøse møtestadar, parkar og opne plassar, der det er naturleg, grunna klima og kultur å tilbringe tid. I Noreg, her er det som kjent relativt kaldt og verhardt, heile året, det er ikkje noko nytt at nordmenn og skandinavar pyntar heimane sine, og finn energi i slikt. Det er ein grunn til at IKEA vart starta i Skandinavia, og eg reknar med at poenget mitt etterkvart trer tydleg fram. Appellen er enkel, ikkje sei at kvinner vert tvinga til å ha eit gamaldags kvinneundertrykkande forhold til interiør, folk veljer sine hobbyar sjølv, ta tilbake kontroll over eige liv og dropp offerrolla. Nærværsarbeid med deg sjølv, handlar om å kose seg med det kvardagslege, finne lukke i det nære. La den som finn lukke i interiørfå ha den gleda i fred, utan å kalle det ei belastning påtvunge frå "samfunnet", for sorry, sånn er det ikkje.
LP-samlinga veks
Det er eigentleg utruleg at det skjer, men samstundes som forventa. Dei gode lydane gjeld på nytt. Å høyre på LP er alldeles magisk, så for tida sparar eg til platespelar og kjøper nydeleg, storslagen musikk på loppis
tirsdag 24. april 2012
Gnist
Når sola briljerar med strålane sine, og dagen ligg an til å verte ein slik med dressjakkebehov, då har eg erfart at det er hensiktsmessig å ta nokre førehandsreglar. Grå figurnær dressjakke trengs på slike dagar når møta består primært av oppkjeftige menn, og eller når fora skal føre til stor respekt for det arbeidet møteleiar (kvinne påkledd mellom anna dressjakke) gjer. For å ha kontakt med seg sjølv ein slik dag har eg erfart at det løner seg å også ha figurnær bukse, puffermar på skjorta, eller gensar, med andre ord yndig snitt, men fortrinnsvis utan utringing, vidare ei pyntenål på jakka, som eg, eller ei venninne har laga, idag er nåla laga av ei venninne, samt eventuelt heimelaga øyredobbar, idag er øyredobbane laga av knappane på favorittnattkjolen eg hadde som sjuåring. Så då, sjølv om eg er litt seint ute, ja så skal eg i teorien vert godt kledd for både dagens vesle og store krevande fora
Enkle, vakre, heimelaga tøfler
Desse tøflene er laga av ein gamal kjole, i ull, som eg var utruleg glad i, den tova seg i vask og krympa ca tjue storleikar, dessverre. Ettersom eg er oppteken av å ta vare på, og å gjenbruke, ja så vart det tøfler. Oppskrifta finn du i boka Brukt på nytt, skreve av Kathrine Gregersen. Det er ho som driv Nøstebarn. Boka er himla fine, med mange gode oppskrifter
Kvardagshelt
Når telefonen ringer, og nummeret er ukjent, så tek eg den vanlegvis ikkje. Men idag gjorde eg eit unntak. Det var ein mann frå telenor, viss morfar visstnok bur i same gate som meg. I løpet av samtalen følte eg meg nesten tankelest, han ville tilby betre nettsamband. Desse som leverar internett til meg per idag tilbyr at eine hjørne i husvære mitt til nød har nett, medan biblioteket mitt, der mac'en opprinneleg skulle stå ikkje har noko form for nett. Eg veit ikkje om det er det faktum at seljaren sin morfar bur i Kirkegata som gjer utslaget, men seljaren tilbyr seg å snakke med Stayon, min noverande leverandør, og fikse all avslutning av det abonnementet, samt anna rask i tilknytning til skifte av leverandør. Seljaren frå Telenor viser seg etter mitt skjønn å vere ein tiltrengt kvardagshelt, takk Telenor. You made my day.
Yoga på cd
Då nærmar det seg siste dag med dobbeltime yoga, og instruksjonen føreligg på cd, heldigvis. Når eg skal kose meg med pyslerier, likar eg å gjere ting ekstra fine. Eg har eit lite sett med cd-etikettar, så no er desse kjære cd-platene pynta med etikettar som minner meg om det gode innhaldet. Plata med energiyoga har fått fiskar og vatn på seg og plata med yogaflyt har fått mange tre med hjarte på kvar grein. Då gjenstår det snart berre å seie takk for reisa sålangt Johanna, og så sjåast vi på yogatimane dine, med jamne mellomrom i Oslo. Namaste.
mandag 23. april 2012
søndag 22. april 2012
Påskeliljepose
Ikkje alle kan reise til ei utmark full av påskeliljer, få med seg ein plastikkpose og fylle den til randa. Heime er vasane pynta med ranunkel, som er klare til utskifting. Det luktar liksom somar av påskeliljer, eller iallefall vår. Takk tante Synnøve!
Diggar dagens handveske
Det er umogleg å ikkje like denne handlekorga, den har effekt mildt sagt. Eg finn det eg skal ha tak i med ein gong, den er beint fram snerta.
lørdag 21. april 2012
Lampar og lys
Det er ikkje til å legge skjul på at eg er veldig fascinert av lampar, og lengtar etter å få hengt opp den store Kartellen. For å få fortgang i prosessen gjekk eg ned på Invit idag, for å høyre om dei mot formodning hadde fått inn eit nytt parti store pærer. Og jepp, der låg mange pærer på lageret. Men, før eg gjekk ned til byen sjekka eg om det var slik det såg ut, nemleg at alle pærer med sokkel E27 funkar, og tenk, det funka, med mykje lys, sjølv om pæra er knøttlita, hmm, artig. Vel, eg let den vesla stå tida si, før eg set inn dei dyre store. Då eg kom heim leita eg sjølvsagt fram fine raude Kartellen min, som eg fekk i gåve til tredveårsdagen. Eg fekk den ikkje ned sjølv før eg flytta frå Alnagata i si tid, sjølv om eg gav beskjed til ho tatovøren som kjøpte leiligheita gjekk det faktisk nokre år før eg fekk den att. Det eg no oppdaga er at lampen manglar sukkerbit og er basert på at stikk-kontakt skal vere nær oppheng, pluss at ledninga er himla lang. Hmm, må tenkje litt på korleis det skal løysast. Uansett skal den antakeleg pryde biblioteket mitt, ilag med ein raud Eijfingertapet, eventuelt lyseblå
Uglepute
Laga av ei gamal dongeribukse som har tilhøyrt sonen til ein kollega, ein gamal handduk som låg igjen på ein hybel i Ullevål hageby, litt filt frå eit julekalendarprosjekt, og to knappar frå morfar sin gamle ullfrakk, vips så har vi ei skjønne ugle. Faktisk liknar den ørlitegrann på The owls of Ga'Hoole. Eg har bestemt at alle ugler fortener nokre paljettar, på høgre vinge, for som ein klok læremeister ein gong sa til meg; one wing with grace, the other with effort. Sånn, då er fyllet på plass, og ugla vart litt lubben og glad
fredag 20. april 2012
Fiskesuppe på ein fridag
Det er heilt naturleg å nyte fiskesuppe på ein fridag, faktisk på grensa til sjølvsagt. Omgjevnadane ein et i på Invit er så innbydande at eg lett kunne flytta inn. Og den nye teen dei sel virkar vere veldig god
Vinkork flørtar med klut
Dei passar så godt ilag, kluten min, og korka frå Mekko. Ingeborg frå Mekko, som forøvrig har sine fine butikk i Volda, held kurskveldar, slik at vi andre også kan få lære litt om keramikk, og til hausten skal eg prioritere eit slikt kurs. Kanskje eg får laga nokre vinkorker, som eg kan gje vekk i julegåve eller slik
Ikeatekstilar
For mange år sidan no, jobba eg i kassen på Ikea Slependen. Det var interessant, på så mange nivå. Eg kjøpte mykje tekstilar der, i såkalla resteposar. No, mange år etter har eg framleis fine restar derifrå. For ei tid sidan lagde eg eit stort piknikteppe, på omlag 4x3m, i mellom la eg ullfilt, og på baksida sydde eg fast ein raud voksduk, slik at ein ikkje skal verte våt i baken. Teppet gjer gong på gong jobben sin, og det gir også ei kjensle av at somaren snart er her. Lett å lage.
onsdag 18. april 2012
Snart kastetid for fyrste lorveteppet
Når resirkuleringa har dansa sin siste dans, er det lov å vurdere endestasjon. Innerst ei gamal favoritt-truse, mamma si grøne favoritt-trøye, ei kjær Devoldtrøye, ei Benettonjakke med perleknappar, som visna, eller hovna opp på eit vis, ei dongeribukse med ballongføter, nokre julehanddukar som ikkje tok seg ut i dagslys, tante Asbjørg si gamle adidas joggebukse frå 1972, i det heile teke, eit velbrukt arsenal, som snart skal få kvile. Det må berre ver kjøkenteppe eit liiite bel til, slik eit nytt av gamle restar kan kome til unsetnad.
tirsdag 17. april 2012
Tøfler vert antakeleg veske istaden
Noko gjekk gale med desse tøflene, men fargane er så fine, eg vil bruke starten til noko, og vurderar funksjonsbytte til miniveske
Slipset nærmar seg klart til bruk
Fint, sant vel? Mamma meinte at filtstripene kunne vere litt på skrå, godt tenkt, for det tek seg godt ut. Eg trur eg veit kven som skal få det
Herlege stressballar
Slike heimehekla mjuke ballar, fylt med brune bønner, laga i behageleg bomullstråd bidreg til sunt fråver av grubling
mandag 16. april 2012
Dansing og Berry boost
Her i huset er det dansedag på ein mandag, musikken på full guff og kjøleskåpet er fullt av Berries, det kan berre gå bra
søndag 15. april 2012
søndag 8. april 2012
Pappa sitt golvteppe
Då er det endeleg ferdig, heimehekla moro. Eit belte mormor hadde på ei jakke innerst, deretter pappa si gamle skjorte, eine buksebeinet på ei av pappa sine slengbukser, og deretter nokre jerseyrestar som mamma ville kvitte seg med.
Abonner på:
Innlegg (Atom)