søndag 24. juni 2012
fredag 22. juni 2012
søndag 17. juni 2012
Ekte skapt?
Det ekte skapte, kva er eigentleg det? Det som er ekte, vert ikkje skapt, det er, det er nett slikt faktum som gjer det ekte. Å skape noko som er, handlar kanskje nett om å la det vere, la det kome, det som er, la det sleppe til. Kanskje det er løyndomen, kanskje det er hinderet, at ein ikkje skal anstrenge seg for endring, men sleppe til nærværet av det som er, slik at det lagar seg sjølv. Kanskje det var intensjonen.
Når ein vidare ser på andre språk, er ordvalet matrimonium, av latin, mater tyder mor, og monium tyder tilstand, i prinsipp tyder dermed begrepet nytta om det ekte skapte, morstilstand, i kontrast til farstilstand. Dette har ein i skandinaviske språk omsett til Ekteskap.
Ein relevant digresjon i feministisk perspektiv, kan vere å spørje seg kvifor vi er kritiske til mannsrolla, dersom pakta mellom mann og kvinne skal vere einslags ekte skapt morstilstand. Snakkar vi då om at ein ved inngåelse av pakta, lovar å gå i fosterstilling, ilag? Eller inn i ein tilstand der eine parten skal, eller bør opptre som mor for den andre?
Hadde ein i motsetnad kalla det patrimonium, hadde vi så fall hatt meir belegg for å påstå at relasjonen er dominert av mannen, eller?
Det tilsynelatande symbiotiske ein legg opp til i relasjonen mellom to, mann og kvinne, ved å kalle det ein "ekte skapt" "morstilstand", bidreg det til at ein gjer seg sjølv og omverda ei enkel bjørneteneste, og mistar fokuset frå kva ein skal skape, eller vere som vaksne? Opnar ein for at kvinna har fyrsterett til å kritisere og skape kva relasjonen skal bestå av?
Og er den paradoksale kvinneatferden og kvinnehumoren knytta til at kvinna har alltid rett, i heimen, eigentleg med på å bygge konstruktivt grunnlag for eventuell likestilling i vår tid?
For kva er eigentleg morstilstand, og kva er eigentleg ekte skapt?
fredag 15. juni 2012
Bernhoft!!
Stemmen er som honning, og kjem liksom frå nederst i føtene, merkeleg. I tillegg får ein ei kjensle av at det er noko kjent med både lyden og orda, som om ein har høyrt det før, men eg trur han har komt dette sjølv.
torsdag 14. juni 2012
Bussinteriør
Stundimellom er det grunn til å undre seg over kva behov interiøret i ein buss tek sikte på å tilfredsstille. Estetiske behov? Neppe. Praktiske behov? Nja, delvis. Intellektuelle behov? Nei. Effektivitet? Nja, kanskje. Hmm, eg skulle likt å helse på ein bussinteriørarkitekt.
Innsyn i ein forfattar si arbeidsform
Både teksten om Cocoanut Grove på wikipedia og eit slags moodboard nytta av Carl-Johan Vallgren gjev den deilege kjensla eller overblikket ein forfattar bør danne seg
onsdag 13. juni 2012
tirsdag 12. juni 2012
søndag 10. juni 2012
lørdag 9. juni 2012
Durance
Gler meg til å prøve ut denne tøymykneren, med lukt av lavendel.
Resultatet vart nydeleg, kleda vart mjuke mjuke, og heile husværet fekk ei duft av nett lavendel.
Resultatet vart nydeleg, kleda vart mjuke mjuke, og heile husværet fekk ei duft av nett lavendel.
De magiske tankers år
Eg grubla på skilnaden mellom Paula av Allende og De magiske tankers år av Didion. Mi oppleving er at Allende formidla noko ho følte, Didion formidla noko ho levde.
Fotografiet på framsida av boka fortel så mykje.
Fotografiet på framsida av boka fortel så mykje.
tirsdag 5. juni 2012
Eg er lukkeleg
Ja, eg har det godt. Kjenner meg sjølv betre, er på mange vis tryggare. Det er få som kjenner meg, for den leikande, avslappa delen av meg, der eg verken underheld, argumenterande eller prøvar å bevise på andre måtar. Den delen av meg som eg ynskjer hjelp til å utvikle, der eg tør å gå i dialog om kva eg kan og vil utvikle. Den delen treng tryggleik og omsorg, utan opportunistiske, eller konkuranseprega element. Folk som kjem for å hente, finne, og samanlikne har med seg feil kontrakt, den kan eg ikkje signere. Susan Cain seier det så fint; det er krevjande å vere innadvendt i eit utadvendt marked. Eg er ikkje så god på å virke utadvendt. Det vert fort brått, og litt krasst, med uventa temaskifte. Eg treng at du må vere oppriktig interessert i meg, for min sin del, ville meg godt, eg må tru på deg, respektere deg, oppleve at du vil. Når eg seier du, så snakkar eg ikkje til nokon bestemt, eg snakkar til deg, medmenneske. Det er sjølvsagt i kjærleiksrelasjonen til ein mann eg kan danne familie med, at desse momenta utmerkar seg som mest sentrale, men eg ser problemstillingane i alt mellommenneskeleg. Eg er lukkeleg, og eg vil vere lukkeleg ilag med deg medmenneske. La oss involvere oss i kvarandre sine liv, lage plass til kvarandre, og meine det. Robert Post seier noko sånt som: viss du skal drive med kjærleik, gjer det skikkeleg eller la det vere. Eg meinar ikkje at ein skal la vere for godt, men ikkje starte eller stå i noko som ikkje er skikkeleg. Eg vil meine det. Eg er lukkeleg, eg trur at menn er like gode som mødre til å oppdra born. Eg trur kvinner øydelegg like mange forhold som menn. Eg trur at born har vondt av at foreldre ikkje går til psykolog, eller på anna vis får hjelp til å arbeide med sinnet sitt. Eg trur at dominerande born manglar gode forklaringar på kvifor ein må ha grenser. Eg er lukkeleg og oppteken av mindfullness, nærvær, vedlikehald, og kultur. Det aller mest konstruktive ved å erkjenne at eg er lukkeleg, er faktisk at eg landar, eg er der eg vil vere, samstundes med at eg går framover, oppover og bortover. Det er noko nært og gir ei kjensle av å vere tilstades, det å erkjenne lukke. Det er meir meiningsfylt når eg innser at eg er nøgd, og set pris på dei som vil vere tilstades ilag med. Eg er lukkeleg, og ynskjer å praktisere lukke, og det er godt.
Om å ta seg saman
Kva vil det eigentleg seie å ta seg saman? Vi er alle på jorda for å leve, i den store samanhengen er livet så uendeleg kort. Vi vil så gjerne ha gjort, og gjere så godt vi kan. Likevel er det ofte ikkje godt nok ifølgje omgivnaden. Forventningar er i mange situasjonar vår tids Amen. Når alt er sagt og gjort, så må vi i tilegg og til slutt ikkje gløyme kva som er forventa. Mange av oss gløymer forventningane innimellom, men då får vi raskt tilbakemelding om normen på vår felles plattform, markedet, eller samfunnet.
Samhandling er ein skjør mekanisme, med mange moglege misforståingar. Den gode intensjonen kan så ofte vere kjerna til smerten. Ein vil bevare, beskytte, begrave, ta vare på, ta hand om, ta seg saman. Spelereglane er ikkje nedskrevne, berre gjeldande.
Ein har ikkje råd til, ikkje rom for, ikkje tid til å prøve seg fram. Nokre går langt framme i tunellen, nokre går langt inne i tunellen, nokre har sett lyset, nokre tåler ikkje smerten det kostar, nokre forstår ikkje kva som er smerten og kva som er lindringa.
Vi har så ulike forventningar, vi har så mykje usnakka. Ein sa det til meg; jammen du kan ikkje forvente at ein skal kunne snakke om alt. Nei, på ingen måte, men kan vi semjast om kva som er viktig å snakke om?
Ein annan sa; alle burde skreve dagbok, ja, kanskje. Kultur for samtale og emne som egnar seg må byggast. Det er ikkje dermed sagt at det er enkelt. Det lønner seg å gråte, utan å skamme seg, det lønner seg å tåle vekst, gjennom erkjennelse. Det lønner seg å kommunisere, men ikkje invadere.
En tredje sa; eg er så lei av å forstå, kan ikkje du berre fikse det sjølv.
Eg spurte; er eg her til observasjon, til utredning? Skal eg halde meg for god til å ta opp eit tema? Skal du definere kva som er tabu? Eg er så lei av å høyre om relasjonar der ein part er ulukkeleg, eg vil berre vere med å skape det gode livet ilag med deg, men eg kan ikkje ta meg saman heile tida, du må ta meg imot slik eg er. Så skal eg be om unnskyldning viss eg eller du oppdagar at eg kryssa ei grense som gjorde vondt. Eg kan love at eg vil vere ein nær ven, ei trygg havn. Det inneber også at eg vil utfordre deg, kreve noko av deg. Observer meg gjerne, men eg må veljast, som medmenneske, som kjærast, som ven. Ein sentral dynamikk, som eg har sett og erfart, at mykje i livet fungerar slik som nærleik, og kjærleik, det mest smertefulle er å ikkje få gi, for då oppstår det tomromet, som gjer at du vert trengande, ingen ynskjer det tomromet. Dialogen er vegen til fred og balanse. Eg kan ikkje ta meg saman, men eg kan gi og ta imot.
Onkel Mac på tur
Når Onkel Mac kjem heim frå reparasjonsland, etter lang tids sjukefråver, då skal eg legge ut bilete av større og betre kaliber på bloggen min. Det gler eg meg til!
mandag 4. juni 2012
Abonner på:
Innlegg (Atom)