mandag 28. mai 2012

lørdag 26. mai 2012

Bylaurdag med vin, på veg til førarkort

Slik fine, som hiv seg rundt, på kort varsel og tek turen til ein park, hmm, janei det er stilig

Bymønster

Ser du at det eine mønsteret ser ut som lause blad på ei grein

søndag 20. mai 2012

Ålesund i solskin

Slike dagar har litt gull på seg, det glitrar når ein spaserar gjennom byen. Til høgre er det bilete av krokane til hestane, på Utstillingsplassen, øverst ser du inngangen til urtehagen på Steinerskulen, og nederst utsyn mot Fjellstova.

fredag 18. mai 2012

Livet i litt sterke, varme fargar






PS:
Av og til kan den indre stemninga berre vise så vidt, kanskje i augene, men nokre gongar slår ein nettopp augene ned, og kjenner ein annleis puls, den pulsen som minnar om å plaske i friskt og solvarmt hav. Den indre stemninga, er ei kjelde til glød, nokre menn ser den, og då ser verda annleis ut

Elskar vinteren, men har ingenting imot våren heller

Ei velkomsthelsing til ei syster

Ulike former for lys

Tre

Overtid - eit hjartesukk

Er fascinert over kva som fører til nett fenomenet overtid. Stort sett erfarer eg at som nest siste ledd i mange saker, er andre sine forseinkingar oftast årsaka til at eg vert sitjande på jobb fram til kl.17 og 18 nokre dagar.

Det er forsåvidt greitt, i den forstand at eg kan ta fri og ha langhelger ved seinare høve, men det er likevel rart dette med respekt for andre si tid. Det ser ikkje ut til at alle ser konsekvensar eigen tidsbruk har på andre si tid.

torsdag 17. mai 2012

Eit sjeldant funn

Innser at eg har fått tak i ei unik LP-samling, kalt light classical music. Det er ei boks med omlag 12 storslagne plater, og eg betalte 50kroner for alt dette. La Traviata av Verdi, Bolero av Ravel, Perpetuum mobile, op 11, av Paganini, mildast tala fabuloso det heile.

No har eg restaurert boksa, som var iferd med å løsne litt i kantane. Eg har brukt bokbindartape, og der tapen kom over gullteksten, skreiv eg over tapen med ein gullpenn, slik at det skal sjå rett ut. Det vart både fint og solid.

Nasjonal identitet - eller det å verte kjent med seg sjølv, som vaksen

Kva er det eigentleg å vere vaksen? Det tenkjer eg ofte på. Blant dei vaksne eg kjenner, ser eg eit stort mangfald. Mange praktiserande vaksne, stiller både eg og mange andre spørsmålsteikn ved, for praktiserar alle vaksendom, eller vaksenskap? Eller for å belyse det frå ein annan vinkel, fins det ein mal for vaksen atferd, er det lov til å stille spørsmålsteikn ved måten andre menneskje er vaksne på? Risikoen er sjølvsagt at ein kastar stein i glashus, eller ser ikkje bjelken hjå seg sjølv, berre flisa i andre sitt.

Personleg identitet, og nasjonal identitet, forheld seg oftast til sosiale normer, og kultur, familiekultur, vennekultur, jobbkultur. Korleis utviklar vi identitet, når utviklar vi kultur, og kan vi ta imot endringar i vårt eige syn på kultur?

Det å bryte sosiale normer og bygge nye, er krevjande, av både personlege og praktiske grunnar. Det tek tid å verte forstått, for identitet ligg gjerne djupt, som taus kunnskap. Det å ta seg tid til å gjere stas på kvarandre, kan nokre opplevande truande, det å ta seg tid til å sosialisere på uvante premissar er kompetanse, som kanskje fordrar at ein har vore gjest i andre kulturar, vorte konfrontert med effekten av seg sjølv, gjennom mange år.

Det kan hende synet på variasjon, primært veks fram, gjennom nettopp å oppleve og oppsøke variasjon. For å trivst, og finne ro kring sin identitet vurderar eg nokre gongar at ein bør omgås dei som opptrer nær eigen atferd.

Ei anna vinkling som er interessant på ein dag der ein vil samlast om identiteten, er dette med korleis verte kjent med seg sjølv. For kven er vi? Er vi det vi har blitt gjennom oppdraging, eller er vi noko meir bak det tillærte? Er vi også noko vi ikkje kjenner så godt, men som vi kan finne i oss, noko som er meir intuitivt enn det oppdraginga gav oss? Ein ting er at psykologien hevdar det, at personlegdomen fins i oss, men psykologien seier ofte lite folkeleg, og forståeleg om korleis vi kan finne og lære oss å leve med vegen inn til det som kanskje er meir ekte i oss.

Nokre ser ut til å tru at livet primært skal by på motstand, der ein stendig må kjempe. Medan andre ser ut til å tru ar livet eine og aleine handlar om den enklaste vegen. Atter andre der igjen hevdar at livet handlar om balansen mellom det krevjande og det lette.

Eg er norsk, men etter å ha tilbrakt mykje tid i livet mitt i Ecuador og El Salvador særskilt, ser eg at det "utenlandske", ikkje berre er ein del av meg. Det å ha anstrengt meg for å møte det som ikkje er norsk, skandinavisk, eller europeisk, medfører også ei kompetanse, kompetanse om openheit for det å gjer noko på annleis måte, i praksis.

Eg har verken rett, eller innerst inne lyst til å kritisere nokon for praktisert identitet, eller vaksendom, men eg skulle ynskje, mange gongar, at samfunnet vårt, hadde plass til å stille spørsmålsteikn ved, samt vilje til, å endre atferden sin, og ta imot innspel, direkte og konkret.

Eg trur ikkje at den norske identiteten er så ferdig definert, eg trur at personleg og kulturell identitet, alltid er, og med fordel kan vere i konstant utfordring og endring.

God nasjonaldag uferdige medmenneskje!

Frøken serviettavhengig

Vi skal vel alle ha eitt, eller kanskje mest sannsynleg fleire særtrekk. Eitt av mine er at eg storforbrukar av serviettar, oftast to per måltid, for å vere heilt eksakt.

tirsdag 15. mai 2012

Godt sagt

I ei av Robert Wilson sine velskrevne bøker, står følgjande setning fram; "Eg spør, fordi eg kan. Og fordi du er intelligent nok til å kunne svare".

Arbeid framfor pc

Når ein sit med andletet framfor ein datamaskin 7,5 timar, 5 dagar i veka, omlag 47 veker i året, så innser også eg, at det er naudsynt å vaske huda, særskilt i andletet, grundig.

Kvar gong eg skal byrje eit vaskeprogram for andletet, er eg trufast mot opplegget, i omlag tre dagar. Dette fordi eg syns det er litt kjedeleg med dyre kremar, og dill og dall.

I ein alder av 35år merkar eg likevel, at den mjuke glade, lettstelte huda mi, ikkje er så mjuk og glad, som den var før. I tillegg har eg byrja få ei kjensle av at støv frå datamaskina og eksos frå veien eg går til og frå jobb, liksom festar seg i huda.

For å fikse problemstillinga, valde eg å forklare situasjonen på eit parfymeri og ba om litt hjelp. Eg presiserte at slikt kjedar meg, så opplegget MÅ vere enkelt, eg forklarte også at eg har utprega tørr og mjuk hud, aldri hatt kviser, eller andre plager, med huda.

Løysninga vart skjønn; mildaste hudvasken, feitaste andletskremen, samt ein mild skrubb. Hittil har eg klart å vere trufast imot programmet. Etter vaskinga, og skrubben, som gir ei oppleving av total reinheit, smører eg den fyldige kremen, så kjenner eg meg som eit nytt menneske. Denne gongen skal eg klare å oppretthalde fokus.

K

Aftenposten sitt kulturmagasin K har gjeve seg sjølve og oss lesarane ein herleg presang; prangande artig framside, a la The New Yorker, laga av Bendik Kaltenborn. Innhaldet held herleg høg standard, vii, koselesing

mandag 14. mai 2012

Pocket garden

Når ein får gjestar, slike fine, som kjem på vitjing anten ein bur i Tromsø, eller Ålesund, då kjøper ein sjølvsagt blomar til å pynte opp husværet, til dømes vakre peonar. Når gjesten i tillegg har med seg gåve, og kjenner meg så godt at ho finn fabelaktige greier å gje vekk, og veit at gåva ho har valt ut er in the midst of the blink, janeidå vert eg så glad. Hadde du forresten høyrt om The pocket garden? Herleg konsept, det er så å seie ein urtehage i posar, magisk!!

Storm på Storhornet


Alnes, tapas, og tunellopera

torsdag 10. mai 2012

Impuls

Medan eg gjekk på psykologien hadde eg enkel tilgang på tidsskrift for psykologi. I ettertid har eg mange gongar lurt på om det går an å abonnere på bladet. Så kom eg over eit gamalt nummer og ringte til ein resepsjon eller sekretariat som stod oppgitt. Dette er no cirka eit halvt år sidan. Ho kunne meddele at dei har ikkje nettside og anonnement må skje som no, ved innringing til den stasjonære telefonen på kontor V1U - 20, Harald Schjeldrups Hus, Blindern. Idag, eit halvt år etter mottok eg vakraste nummer 3, frå 2011, årgang 64. Tenk om alt i livet var akkurat så analogt, som tidsskriftet til psykologisk institutt, ja, nei, då hadde verda vore ein fredeleg plett, kanskje

Lampedilla!!

Det skulle vore interessant å vite kva ein kan tolke ut av at eg er heilt uforbederlig betatt av vakre, rare, kule lampar. Idag har eg fått dekka litt ny-lampe-behovet, for på Møbler og miljø har dei fått inn vårdigg både frå Piani og Foscarini, samt nytt frå Muuto!! Jippi, la det verte lysare

onsdag 9. mai 2012

Idyll?

Noko er beint fram vakkert, anna er søppel, og søppel har sin eigen estetikk

tirsdag 8. mai 2012

Kajsa Kavat

På søndag gjorde eg slik verdas beste Kajsa ville gjort, tok full vårreingjering, til ære for bestemor.

Smuget på Smutten

Forlokkande? Nope, fascinerande stemning, ja, på ein måte. Ei slags herleg blafrande frekkheit ligg mellom dei dekorerte betongveggane.

Sitjebrikke

Fin restetråd skal dekke krakken bestefar Hans har snekra. Idag 17.juni, er setetrekket klart til bruk.

Skolettar med mitt namn på

lørdag 5. mai 2012

Babyteppe klart for pimping

Historia bak er som oftast nesten kjekkast, her er det to ruter med litt artige bakgrunn. Den eine ruta i quilteteknikk, er ein rest av eit teppe mamma byrja på i 1986. Den andre med litt uvanleg historie er resten av eit bukselår til sonen av ein kollega. Elles friskt frå Tilda

Vaksen sæggelue straks klar

Essda, juksa litt, den låg halvferdige nedi trådkorga, og den kjøme til å få en megadosk, i turkis

fredag 4. mai 2012

Grønt haudeplagg for barn

Kom på noko som eg trur er ein god ide nuh. Det viser seg ofte, at når eg skal sy på ein tag på det eg lagar, så floksar sløyfene seg. Så no "forsegla" eg sløyfa litt med ein flamme frå ei fyrstikke, noko som teoretisk sett skal gjere det mogleg å sy i sløyfa, og få ein stabil tag. For dei som la merke til det, ja eg brukar stort sett ein paljett til å feste tråden, praktisk og sytalaust.

Då er hua til ein 4-åring klar, lengda er omlag 26cm, og diameteren omlag 14cm

Grøn ugle i produksjon

Vingane er laga av nokre pulsvarmarar, som vart øydelagde i vask, uglemagen skal bestå av litt trådrestar og anna gamal moro. Augene skal vere trivlege, men uglete, eit slags oppvakt blikk. Kanskje øyrene kan vere dei grøne skinnrestane.

Grøne Herr Ugle er iferd med å ta form, og må mildt sagt seiast å vere ei vidunderleg resteugle. I magen har Lyze of Kiel, sjefsuglingen, sagt at det er viktig å ha den rette kjensla, så vår nye venn har derfor fått ei mengde brune bønner i front, som kan rasle fram den gode magekjensla.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...